søndag 17. juli 2011

A perfect day of salmon fishing...in Maalselva

Målselva 11.07.11:
Fisketuren går til Målselva, Bardufoss.  Elva er kjend for stor og fin atlantisk laks.
Eg skal fiske saman med bror min, Bjarne i eit par dagar.
Ved elva møter vi andre fiskarar, som kan fortelje om svært dårleg fiske dei sista dagane.
Eg starter fisket i Harder pool ca. 16.35.  På mitt 3. kast med sølvfarga Bergheim sluk kjenner eg at det er fisk i elva! 
Fisken blir landa nedanfor Kummen, med hjelp av Bjarne. Perfekt start på opphaldet!
Ca. kl. 21.30 er eg tilbake i Harder pool. Ingen andre laksar er på land. Brått kjenner eg at noko er bort i sluken.
Eg rykkjer til og kjenner skikkeleg motstand!  Fisken går nedover mot Kummen, der den gjorde ein salto i elva.
Eg såg at det var ein større laks, og tippa vekta til rundt 10 kg.
Fisken går deretter roleg nedover elva, men ved enden av campingplassen, stoppar den brått opp. Det er ikkje råd å kjenne liv i enden av snøret!
Lina hadde truleg gått rundt ein stein e.l., slik at fisken står heilt låst.
Eg prøver å sleppe ut mange meter med line, uten at det skjer noko.
Mange tilskuarar dukkar etter kvart opp, og det manglar ikkje på gode råd!.
Vi ringjer også etter ein som har tilgang til båt, men då han dukka opp etter 10 min. var konklusjonen at det ikkje var tilrådeleg å ta båt ut i dette partiet av elva. Straumen er for strid.  Det har no gått ca. ein time sidan fisken beit.
Spørsmålet er då: Skal eg slite lina eller....?
Som eit siste forsøk går eg tilbake nokre meter, og opp på plenen på campingplassen.
Etter diverse forsøk på å få laus fisken, skjer "underetg": Eg kjenner igjen at det er liv i andre enden av lina!
Fisken legg seg deretter på tvers av straumen, og det er berre å følgje etter.
Nede i svingen ved Leira får eg omsider fisken på land med hjelp av bror min;
Bjarne Huseklepp.
Heile “kampen” varte i ca. ein og ein halv time.
Fisken vog 14,5 kg!


Erfaringa er:  Tålmod er viktig, ikkje gjer noko forhasta, før alle alternativ er testa ut.....
Med sportsfiskarhelsing
Håkon J Huseklepp

mandag 6. juni 2011

Laksefiske - "Bag limit"?

Laksesesongen har starta, og rapportane om fangstar strøymer inn. Det er stor variasjon frå elv til elv.
Utviklinga i villaksstammane i Norge, har vore inne i ei negativ utvikling, men det finst positive unntak, m.a. Flekke-/Guddalsvasdraget.
 Årsaka til at villaksstammane har negativ utviking, er mange og samansette. Dette skuldast m.a. lakselusoppblomstring, kraftutbygging, rømming frå oppdrettsanlegg, gyrodactulus salaris.

Kvar enkelt elv har sin unike laksestamme. Dermed kan elvar i same region, ha ulike utfordringar, og dei må også forvaltast på ulik måte og med ulike tiltak.
 Forvaltninga skjer i samarbeid mellom Miljøvernavdelinga og elveeigarlaga. Elveeigarlaga har fått større innverknad på forvaltninga av si lokale elv dei siste åra. Årsaka til dette er at dei har mest kunnskap om laksestammen i elva si.


Enkelte laksestammar er svært reduserte. I enkelte elvar er det derfor innført svært strenge fangstreguleringar og/eller "catch and release". 

Når ein laksestamme er i ein svært kritisk fase og står i fare for å bli utrydda, bør ein heller vurdere å stenge den aktuelle elva heilt, inntil laksestammen er bygt opp til eit berekraftig nivå igjen.

"Catch & release" er vanleg i utlandet og på veg inn i Norge.  I utlandet fungerer dette slik at ein kleppar/guide følgjer kvar enkelt fiskar, og dersom ein får fisk er det kleppar/guide som handterer fisken. Dette for å sikre ei lik handsaming av laksen, og hindre at laksen blir påført skader før den vert sett tilbake til elva.

I Norge er det innført "catch and release" i ein del elvar. Fleire av desse elvane har eksklusivt fiske, som kostar mykje.   Dersom ein skal ha ein kleppar i nærleiken av kvar fiskar i elvane som er opne for ålmenta, vil dette tiltaket ikkje fungere,  pga. kostnaden med  eigen klappar vert for høg.

 Flekke-/Guddalsvassdraget er døme på ei elv som hadde store problem på slutten av 70 talet/byrjinga av 80 talet. Hovudårsaka til at laksen nesten var utrydda, var sur nedbør, drivgarnfiske og tjuvfiske.
Grunneigarlaget sette i verk fleire tiltak i samarbeid med Miljøstyresmaktene: Fullkalking av fleire fjellvatn på Guddalen og i nedslagsfeltet til vassdraget, bygging av stamlaksstasjon på Hovland og klekkeri i Flekke, utsetting yngel, utsetting av rogn/melke i klekkekassar som vert lagt i gytesand i elva.
 I tillegg vart det innført "bag limit" på ein laks over 3 kg i døgeret for kvar fiskar.

Desse tiltaka resulterte i at laksestammen gradvis kom inn i ei positiv utviking.
Grunneigarlaget oppheva "bag limit" for nokre år sidan, då laksestammen viste seg å vere berekraftig.
Korleis kan ein vite om ein laksestamme er berekraftig? Den viktigaste føresetnaden er at det er nok gytelaks i elva på hausten. Dette har vore tilfelle i dette vassdarget dei siste åra, sjølv om fangstane til sportsfiskarane har auka.

Totalfangsten i Flekke-/Guddalsvassdraget var i 2010 på over 1800 kg.
Eit særmerke for denne elva er at den er avhengig av mykje regn gjennom heile sesongen, for å vere fiskbar. Ved lite nedbør fell nivået i elva svært fort.
 I 2010 sesongen, var det ein periode på ca 6 veker etter sesongstart, der elva på sone 2 (øvre del), ikkje var fiskbar.  Dette er også typisk for eit normalår i elva.
Manglande vassføring i dette vassdraget er dermed den mest effektive fangstreguleringa som finst!
Manglande vassføring kjem av at det ikkje er høge fjell  eller isbrear i nedslagsfeltet, og dermed har ein ikkje snøsmelting utover sesongen.
Årsaka til at totalfangsten likevel vart på over 1800 kg, var at det ikkje var "bag limit" dei få dagane vassføringa var bra. Enkelte dagsfangster var svært høge. Det same skjedde under opningsdøgeret i år, der det ifølgje "Firda" vart landa ca. 70 laksar.

Dersom ein reknar om totalfangsten til snittfangst pr fiskedøger, vert fangsten pr døger for elva på eit normalnivå.
Dette gjeld også snittfangsten for den enkelte fiskar pr fiskedøger, sjølv om enkelte dagsfangstar var store.

Under startdøgeret  1. juni i år, landa mange fiskarar fleire laks, også underteikna. Det har kome fram kritikk mot meg og andre sportsfiskarar som har fått fleire laksar.
Det vert hevda frå enkelte at det må innførast "bag limit" i Flekke-/Guddalsvassdraget, fordi villaksen er truga. Dette er naturlegvis korrekt for mange elvar, men det er ikkje tilfelle for dette vassdraget.  Det er ei misforståing om ein trur at "bag limit" i ei elv påverkar utviklinga i andre elvar. Dette har samanheng med at kvar elv har sin unike laksestamme.
 
Solidaritet er bra på mange område, men neppe innan lakseforvaltninga. "Bag limit" i t.d. Flekke-/Guddalsvassdraget kan desverre ikkje redde villaksen i Lærdal, Naustdal, Jølstra eller i andre elvar, fordi årsaka til svikt i laksestammen er individuell for kvar elv.
Dersom eit slik tiltak skal innførast, ligg mynde til å ta ei slik avgjerd hos grunneigarlaget, eller hos Miljøvernavdelinga dersom dei meiner at grunneigarlaget ikkje forvaltar elva i samsvar med retningslinene for villaksforvaltninga.
Dersom det vert innført "bag limit", vil sportsfiskarane naturlegvis akseptere dei reglane som gjeld.

Sidan laksestammen Flekke-/Guddalsvassdarget har vist ei svært positiv utvikling gjennom mange år,
utan "bag limit", kunne det kanskje vere ein idé for andre elveeigarlag å undersøkje om nokre av tiltaka her kan overførast med suksess til andre vassdrag?

Med sportsfiskarhelsing

Håkon J Huseklepp

fredag 5. mars 2010

Helsetilbodet i Sogn og Fjordane - Ny kurs?

Historisk dag?
Fredag 5. mars 2010 kan bli ein historisk dag m.o.t. helseilbodet i fylket. Helseminister Anne-Grete Strøm- Erichsen vitja Førde, samstundes som styret i Helse Førde la fram alternative modellar for framtidig organisering.
http://www.firda.no/nyhende/article5007473.ece

Fogderistrid:
Fylket har i årevis vore hemma av fogderistriden mellom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn. For sjukehusstrukturen har dette medført at det har blitt etablert aksjonsgrupper for Nordfjord Sjukehus og Lærdal Sjukehus.
Ein mindre støttegruppe er etablert for å tale Førde Sentralsjukehus si sak, men denne har ikkje klart å skape eit tilsvarande engasjement som dei to andre gruppene.
http://nrk.no/nyheter/distrikt/nrk_sogn_og_fjordane/1.6948988

Førde:
Geografisk ligg Førde midt i fylket. Denne lokaliseringa har medført at Førde har vokse fram som fylkets største by, med eit sterkt privat og offentleg næringsliv.
I deler av Nordfjord og Sogn er det eit utbreidd "hat" mot Førde. Kva som er grunnen til dette, treng ei djupare analyse. Den vil eg ikkje føreta her.
Men, for å illustrere kor djupt dette hatet går, kan eg sitere ein av Nordfjord aktivistane: " Dersom eg blir sjuk, vil eg heller døy enn å bli send til Førde Sentralsjukehus for behandling". Ganske skremmande?
Ein kan oppleve at avstandane til Førde er større frå Sogn og Nordfjord, enn frå ytre Sogn og Sunnfjord.
Kva med folk som er busette i Solund?

Helse Førde:
Staten overtok eigarskapen til sjukehusa frå 1. januar 2002.  Helse Førde vart då etablert, som ei eiga eining under Helse Vest.
Den første tabben Helse Vest gjorde, var å bruke namnet Helse Førde. Når ein tek omsyn til fogderistriden, var dette ein raud klut for sogningar og fjordingar. Namnet burde har vore Helse Sogn og Fjordane!
Namnet burde i prakis ikkje ha noko betydning, men med fylket sin fogderistrid i minne, har dette faktisk ei negativ effekt.

Budsjett:
Staten fastset budsjettrammene til helseføretaka.  Helse Vest fastset rammene for Helse Førde. Styret i Helse Førde har som oppgåve å organisere helsetensetene i fylket innanfor dei tildelte budsjettrammene.
Dei siste åra har styret i Helse Førde jobba for å få drifta til å balansere i høve til budsjettet, utan å lukkast.
Dei har imidlertid fått mykje negativ kritikk frå Nordfjord og Lærdals aksjonistane.
Dei har prøvd seg på ostehøvelprinsippet, men det går ei grense for kor langt ein kan bruke dette verkemiddelet, før alle sjukehusa er raserte.
Då står ein att med meir omfattande grep som går på strukturelle endringar. Dette har imidlertid helsestatsrådane og enkelte regjeringsmedlemmer hindra.

I diskuasjonane rundt helsetilbodet i Sogn og Fjordane, har eg blitt overraska over at statsrådar ikkje veit kva hatt dei har på når dei sit i regjeringa!
Stortingsrepresentane frå fylket, med unntak av Bremer, opptrer også som fogderiaksjonistar, og ikkje som våre øverste politiske tillitsvalde som skal sjå heilskapen!
Dersom du representerer dei raud-grøne partia, bør du jobbe mot eiga regjering dersom løyvingane skal aukast.

Soria Moria:
I regjeringserklæringa er det lagt føringar om at lokalsjukehus ikkje skal leggast ned. Dermed set staten helseføretaka i ein spesiell situasjon: Budsjetta skal haldast, men ein får ikkje gjere vedtak som i praksis må til for å halde seg innanfor dei løyvingane staten har lagt opp til!

Omstillingar i Helse Førde - Media si rolle:
Den siste veka har NRK Sogn og Fjordane køyrt ei rad med innslag om leiarstilen til  adm.dir Jon Bolstad og styret i Helse Førde.
Det vert fokusert på at han styrer eit "terrorvelde" med trakassering av tilsette m.m.  Eg kjenner sakene som har vorte presenterte, kun frå media. Det er eit paradoks at verneombodet i Helse Førde opplyser at ho ikkje har fått melding om sakene som gjeld trakassering.
I alle organisasjonar er det ein fordel om tilsette brukar dei tillitsvalde eller vernetenesta, dersom dei opplever problem.
Dette er mekanismer som er avtalte mellom arbeidsgjevarsida og dei tilsette sine organisasjonar.
Dersom dei ikkje tek kontakt med desse instansane, risikerer ein å bli ståande åleine, med påstandar mot leiinga som ingen kan verifisere. Dersom ein i tillegg går ut med open kritikk av leiinga, blir dette oppfatta som illojalt.
Kvifor har ikkje media vore opptekna av kva interne prosessar som vore gjennomførde i dei aktuelle sakene?
Eit anna problem er at når personalsaker vert omtala i media, kan ikkje arbeidsgjevaren kommentere innhaldet pga. personvernet. Dermed kan det lett oppfattast som at ei sak ikkje har to sider.

Ny sjukehusstruktur?
I løpet av dei siste 50 åra har strukturen innanfor Meierisamvirket, Slakterisamvirket, Bankvesenet, Forsikringsbransjen, Transportnæringa, Skulesektoren, Postverket osb. blitt tilpassa samfunnsutviklinga.

Det er ikkje unaturleg at styret i Helse Førde vurderer om det kan vere behov for å vurdere tenestetilbodet på dei 3 sjukehusa vi har i dag.
Sterke fagmiljø er svært viktige. Vi ynskjer alle den best mogeleg medisinske behandlinga dersom vi blir sjuke. Det er ikkje mogeleg å oppretthalde gode fullverdige fagmiljø på alle 3 sjukehusa. Vi er rett og slett for få som er busette i dette fylket.
Eit anna moment som også taler for endringar, er dei store forbetringane i infrastrukturen i fylket. Vi har i dag to ambulansehelikopter baser, ein i Florø og ein i Førde.

Vegen vidare:
Det er på tide at vi som bur i Sogn og Fjordane snart får vite kva helseilbod vi skal ha i framtida.
Ynskjer Helse Førde lukke til med strategiprosessen som er starta, og håper at konklusjonen blir eit fagleg sterkt sentralsjukehus og gode distriktsmedisinske senter, til beste for eit fleirtal av innbyggjarane i fylket.

mandag 1. mars 2010

Norge - Sverige - Fiendar eller gode naboar - nokre refleksjonar...

Eg har reflektert litt over nabostriden som har blussa opp mellom svenskar og nordmenn.

OL:
Under Ol i Vancouver har debatten mellom Sverige og Norge nådd nye høgder. Petter Northug har fått skulda for dette, ved å uttale seg arrogant om dei svenske konkurrentane.

Også i Norge er det mange som meiner at Petter Northug er for suveren, dvs. at han ikkje passer inn i "A4" formatet. Kan det vere Jantelova som slår inn?

Mange svenskar synest å vere "besvikna og førbannade" på Northug. Også den gamle hedersmannen Gunde Svan, har latt seg senke ned på eit debattvivå, som ligg langt under det han skuldar Northug for å ligge på.

ØKONOMI - HOVEDÅRSAK?
Kva er i ferd med å skje mellom to nasjoner som burde vere gode naboer?

Mange teoriar kan lanserast. Sverige var fram til Norge fann olje i Nordsjøen, "storebror" i Norden. Dei la på ingen måte skjul på dette.

Sverige gjorde deretter ein generaltabbe ved å ikkje godta "Volvo"-avtalen, der Oddvar Nordli tilbaud eigardelar i oljeførekomstane til Norge, mot at den norske staten skulle få akjser i Volvo.

http://www.hegnar.no/publikasjoner/kapital/article262961.ece

Alle kjenner historia, og vi skal vel vere takksame for at våre svenske vener ikkje ville nedlate seg til å selje ein del av arvelsølvet (les: VOLVO), til Norge?

Etter at oljen har smurt den norske økonomien i årevis, har vi passert Sverige også på mange andre områder.

Det viktigaste er naturlegvis at Norge har kjempeoverskot på handelsbalansen kvart år, og kan investere deler av overskotet i Oljefondet.

MENNESKELEG Å REAGERE?
Har denne utviklinga vore lett å takle for Søta Bror? Neppe for våre svenske vener: Det at "norbaggarna" slår dei på alle økonomiske områder, er ein ny og ubehageleg situasjon.

Tildelinga av vinter OL til Lillehammer, er ei anna sak som skapte mykje harme i Sverige, illustrert ved ordføraren i Østersund sine ord "Jag är inte besviken - jag är förbannad!" http://www.aftenposten.no/nyheter/sport/article1640279.ece


Om ikkje dette var ille nok, Samaranch omtala på avslutningsseremonien på Lillehammer at dette OL som "The best Games ever!".

Når Norge også leverer gode prestasjonar innan alle idrettar, og på områder svenskane meiner vi er amatørar; golf, fotball, handball, alpin, langrenn etc., blir dette ein ny og uvant (ubehageleg?)situasjon.

Det er beint fram menneskeleg å ville "hevne" seg på andre måter.

DEN SVENSKE IDRETTSGALLAEN:
Under den svenske Idrettsgallaen, framførde Magnus Uggla ein ny sang/nidvise mot nordmenn og Norge.

http://www.vg.no/sport/ski/langrenn/artikkel.php?artid=578849

Mange i Norge oppfatta dette som eit barnsleg, men humoristisk forsøk på å ta igjen for "storebror" Norge, som har tatt innersvingen på svenskane i dei fleste samanhengar.

I Sverige, derimot, har mange gitt uttrykk for at "Endeleg får vi tatt igjen for all oljen som blir pumpa opp av Nordsjøen"........

Mange svenskar meiner at dette var en håning av Noreg og nordmenn, som var heilt på sin plass!

Ein kan med rette stille spørsmålet om kven som starta den siste debatten mellom Norge og Sverige....

PETTER NORTHUG:
I forkant av OL har Petter Northug bygt opp si eiga psyke ved å antyde at han er suveren i spurtane etc., og at ingen svenskar kan slå han.
Naturlegvis er dette taktikk frå A til Å frå ein svært intelligent idrettsmann!

Mange svenskar har gått på limpinnen, og falle for fristelsen til å beskrive Northug på ein måte, som illustrerer at dei sjølve ligg langt under det nivået dei kritiserer han for å vere på!

GUNDE SVAN:
Gunde Svan er ein heidersmann og har nytt stor respekt i Norge. Dei siste dagane har også han falle for fristelsen til å komme med uttaler som overrasker, særleg når han sjølv hevder at Northug er useriøs.
http://www.vg.no/sport/ol/2010/artikkel.php?artid=582061

Northug tok siste stikket i OL ved å knuse konkurrentane i innspurten. Han prova dermed at han ikkje har fare med tomme truslar. Han tok totalt 2 gull, 1 sølv og ei bronse, og kan dermed titulere seg som "Kongen av OL i langrenn".

Dette har falle mange tungt for brystet, og eg meiner at vi igjen ser eit snev av Jantelova her: "Du må ikkje komme her....".
I Vancouver OL vart Norge beste skandinaviske nasjon, igjen.

Personleg synes eg svenskar er hyggelege folk.
http://www.youtube.com/watch?v=03ZhdxLziBY

Eg håper at den tøffe debatten under OL kan komme inn på eit meir sakleg nivå, og at vi kan akseptere at naboen i visse samanhengar kan vere betre enn oss sjølve.

fredag 12. februar 2010

Låg influensaaktivitet

Folkehelseinstistuttet melder om låg influensaaktivitet for den vanlege influensatypen.
Massevaksinasjonane mot svineinfluensaen kan dermed ha ein hyggeleg bieefekt, ved at færre får den vanlege influensaen.
Dersom dette er tilfelle, vil det også ha positiv innverknad på sjukefråværet denne vinteren.

http://www.fhi.no/eway/default.aspx?pid=233&trg=Area_5626&MainArea_5661=5619:0:15,5074:1:0:0:::0:0&MainLeft_5619=5626:82469::1:5625:1:::0:0&Area_5626=5544:82471::1:5628:1:::0:0

torsdag 21. januar 2010

Skøyteforbundet/Skøytelandslaget - Katastrofeområde?

Skøytelandslaget minner meir og meir om eit "katastrofeområde"!. Det er tydelegvis mange interesser i denne saka, og enkelte er opptekne av personleg prestisje, framfor det sportslege?

I dag trakk Johan Kaggestad seg. Håvard Bøkko, vårt fremste OL håp, beklager naturlegvis dette. Å miste ein slik kapasitet, tre veker før OL er neppe den beste oppladninga?
Teamet rundt utøvarane blir kalla "støtteapparat". Opplever situasjonen slik at deler av "støtteapparatet" har feil fokus.
Situasjonen er tragisk og heile situasjonen skrik etter ein leiar som er i stand til å rydde opp!
Men, er det for mykje å håpe på at dette skjer før OL er omme?
http://www.nrksport.no/skoyter/1.6957144

onsdag 6. januar 2010

Kriminelle utenlandske langtidsfanger - Folketrygd?

Medlemskap i Folketrygda og pensjonspoeng til kriminelle utenlandske langtidsfanger: Det norske samfunnet er generøst til det pinlege....

Det finst tydelegvis ikkje grenser for vår snillisme? Dei kriminelle ler nok heile vegen til banken!


http://www.tv2nyhetene.no/innenriks/beloenner-utenlandske-kriminelle-med-pensjon-3089582.html