Utviklinga i villaksstammane i Norge, har vore inne i ei negativ utvikling, men det finst positive unntak, m.a. Flekke-/Guddalsvasdraget.
Årsaka til at villaksstammane har negativ utviking, er mange og samansette. Dette skuldast m.a. lakselusoppblomstring, kraftutbygging, rømming frå oppdrettsanlegg, gyrodactulus salaris.
Kvar enkelt elv har sin unike laksestamme. Dermed kan elvar i same region, ha ulike utfordringar, og dei må også forvaltast på ulik måte og med ulike tiltak.
Forvaltninga skjer i samarbeid mellom Miljøvernavdelinga og elveeigarlaga. Elveeigarlaga har fått større innverknad på forvaltninga av si lokale elv dei siste åra. Årsaka til dette er at dei har mest kunnskap om laksestammen i elva si.
Enkelte laksestammar er svært reduserte. I enkelte elvar er det derfor innført svært strenge fangstreguleringar og/eller "catch and release".
Når ein laksestamme er i ein svært kritisk fase og står i fare for å bli utrydda, bør ein heller vurdere å stenge den aktuelle elva heilt, inntil laksestammen er bygt opp til eit berekraftig nivå igjen.
"Catch & release" er vanleg i utlandet og på veg inn i Norge. I utlandet fungerer dette slik at ein kleppar/guide følgjer kvar enkelt fiskar, og dersom ein får fisk er det kleppar/guide som handterer fisken. Dette for å sikre ei lik handsaming av laksen, og hindre at laksen blir påført skader før den vert sett tilbake til elva.
I Norge er det innført "catch and release" i ein del elvar. Fleire av desse elvane har eksklusivt fiske, som kostar mykje. Dersom ein skal ha ein kleppar i nærleiken av kvar fiskar i elvane som er opne for ålmenta, vil dette tiltaket ikkje fungere, pga. kostnaden med eigen klappar vert for høg.
Flekke-/Guddalsvassdraget er døme på ei elv som hadde store problem på slutten av 70 talet/byrjinga av 80 talet. Hovudårsaka til at laksen nesten var utrydda, var sur nedbør, drivgarnfiske og tjuvfiske.
Grunneigarlaget sette i verk fleire tiltak i samarbeid med Miljøstyresmaktene: Fullkalking av fleire fjellvatn på Guddalen og i nedslagsfeltet til vassdraget, bygging av stamlaksstasjon på Hovland og klekkeri i Flekke, utsetting yngel, utsetting av rogn/melke i klekkekassar som vert lagt i gytesand i elva.
I tillegg vart det innført "bag limit" på ein laks over 3 kg i døgeret for kvar fiskar.
Desse tiltaka resulterte i at laksestammen gradvis kom inn i ei positiv utviking.
Grunneigarlaget oppheva "bag limit" for nokre år sidan, då laksestammen viste seg å vere berekraftig.
Korleis kan ein vite om ein laksestamme er berekraftig? Den viktigaste føresetnaden er at det er nok gytelaks i elva på hausten. Dette har vore tilfelle i dette vassdarget dei siste åra, sjølv om fangstane til sportsfiskarane har auka.
Totalfangsten i Flekke-/Guddalsvassdraget var i 2010 på over 1800 kg.
Eit særmerke for denne elva er at den er avhengig av mykje regn gjennom heile sesongen, for å vere fiskbar. Ved lite nedbør fell nivået i elva svært fort.
I 2010 sesongen, var det ein periode på ca 6 veker etter sesongstart, der elva på sone 2 (øvre del), ikkje var fiskbar. Dette er også typisk for eit normalår i elva.

Manglande vassføring i dette vassdraget er dermed den mest effektive fangstreguleringa som finst!
Manglande vassføring kjem av at det ikkje er høge fjell eller isbrear i nedslagsfeltet, og dermed har ein ikkje snøsmelting utover sesongen. Årsaka til at totalfangsten likevel vart på over 1800 kg, var at det ikkje var "bag limit" dei få dagane vassføringa var bra. Enkelte dagsfangster var svært høge. Det same skjedde under opningsdøgeret i år, der det ifølgje "Firda" vart landa ca. 70 laksar.
Dersom ein reknar om totalfangsten til snittfangst pr fiskedøger, vert fangsten pr døger for elva på eit normalnivå.
Dette gjeld også snittfangsten for den enkelte fiskar pr fiskedøger, sjølv om enkelte dagsfangstar var store.
Under startdøgeret 1. juni i år, landa mange fiskarar fleire laks, også underteikna. Det har kome fram kritikk mot meg og andre sportsfiskarar som har fått fleire laksar.
Det vert hevda frå enkelte at det må innførast "bag limit" i Flekke-/Guddalsvassdraget, fordi villaksen er truga. Dette er naturlegvis korrekt for mange elvar, men det er ikkje tilfelle for dette vassdraget. Det er ei misforståing om ein trur at "bag limit" i ei elv påverkar utviklinga i andre elvar. Dette har samanheng med at kvar elv har sin unike laksestamme.
Solidaritet er bra på mange område, men neppe innan lakseforvaltninga. "Bag limit" i t.d. Flekke-/Guddalsvassdraget kan desverre ikkje redde villaksen i Lærdal, Naustdal, Jølstra eller i andre elvar, fordi årsaka til svikt i laksestammen er individuell for kvar elv.

Dersom eit slik tiltak skal innførast, ligg mynde til å ta ei slik avgjerd hos grunneigarlaget, eller hos Miljøvernavdelinga dersom dei meiner at grunneigarlaget ikkje forvaltar elva i samsvar med retningslinene for villaksforvaltninga.
Dersom det vert innført "bag limit", vil sportsfiskarane naturlegvis akseptere dei reglane som gjeld.
Sidan laksestammen Flekke-/Guddalsvassdarget har vist ei svært positiv utvikling gjennom mange år, utan "bag limit", kunne det kanskje vere ein idé for andre elveeigarlag å undersøkje om nokre av tiltaka her kan overførast med suksess til andre vassdrag?

Med sportsfiskarhelsing
Håkon J Huseklepp