lørdag 10. oktober 2009

Nobel Peace Prize - Obama ein verdig vinnar?

Nobelkomiteen overraska mange i går ved å tildele Nobels Fredspris til Barack Obama. Under (og etter) presidentvalkampen i USA, virka det som om "alle", over heile verda, meinte at Obama kunne redde oss frå den store katastrofa.

Då han overraskande nok fekk tildelt Fredsprisen, var mange svært tvilande til om han fortener denne utmerkinga!

Obama har teke nokre initiativ som er ganske revolusjonerande i høve til tidlegare presidentar.
Men, "it takes two to tango": Skal det bli fred er det minst to partar som må bli samde om at dette er fornuftig. Derfor kan ei slik tildeling, legge eit press på fleire av partane.

Nobelkomiteen har truleg gjort eit genialt val denne gongen?

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar